Immaterielt på museum?

2007 ratifiserte Noreg Unescos konvensjon om vern av immateriell kulturarv, og i fjor kom utreiinga om dette feltet i Noreg. Kva rolle har musea på dette feltet?

  • Laftimg, 1951
    1/1
    Laftimg, 1951 Hilmar Stigum / Norsk Folkemusum
Immaterielt på museum? - Norsk Folkemuseum

2007 ratifiserte Noreg Unescos konvensjon om vern av immateriell kulturarv, og i fjor kom utreiinga om dette feltet i Noreg. Kva rolle har musea på dette feltet?

Unesco definerer immateriell kulturarv som «praksis, framstillinger, uttrykk, kunnskap, ferdigheter – samt tilhørende instrumenter, gjenstander og kulturelle rom». Immateriell kulturarv inneber slik både kulturuttrykket og kunnskapen som ligg til grunn. Det kan vere munnlege tradisjonar, skikkar, kunnskap og praksis knytt til naturen, utøvande kunst og handverk.

Norsk Kulturråd har valt å definere alle slike kulturuttrykk som kulturarv. Slik blir hiphop og sydentur like mykje kulturarv som folkemusikk og lafteteknikkar. I Unescokonvensjonen står at kulturutrykka skal være «overført fra generasjon til generasjon, og stadig bli gjenskapt av samfunn og grupper i forhold til deres miljø, i samspill med naturen og med historien». Dette betyr ikkje at dei eldste tradisjonane skal ha større vern enn yngre tradisjonar. Men dei må ha blitt overlevert over ei viss tid, og denne minimumstida er ein generasjon. Samtidige praksisar, som ikkje går bak i tid, må etter mitt syn falle utanom, enten dei er urbane eller rurale. Disse kulturuttrykka kan være verdifulle, men dei er (enda) ikkje kulturarv.

  • Jorunn Rysstad spinner på rokk. Valle, Aust-Agder 1968.
    1/1
    Jorunn Rysstad spinner på rokk. Valle, Aust-Agder 1968. Sjur Fedie / Norsk Folkemuseum

Immaterielt på museum? - Norsk Folkemuseum

Musea har kompetanse på eit stort spekter av kulturuttrykk som er overført frå generasjon til generasjon. Måtar å markere høgtider på, praksis knytt til sjø, skog og jord, dans og musikk, handverks- og dekorasjonsteknikkar er berre nokre eksempel. Nokon av dei er ikkje lenger levande, men mange er det – om ikkje i alle deler av landet.

Å kartlegge, dokumentere, forske på og bevare denne kunnskapen er tiltak Unesco trekk fram som eksempel på vern. Men hovudperspektivet i konvensjonen et retta mot utføring. Med andre ord: kunnskap i, ikkje berre kunnskap om. Av den grunn er også «fremme, styrke, videreføre», samt «gjenopplive», vernetiltak etter konvensjonen.

  • Alfred Iversen demonstrerer hvordan en måtte holde på plogåsen for å holde plogen nede i jorden, mens en annen gikk bak og holdt i styret. Ullbråtan, Bærum i Akershus, 1960.
    1/1
    Alfred Iversen demonstrerer hvordan en måtte holde på plogåsen for å holde plogen nede i jorden, mens en annen gikk bak og holdt i styret. Ullbråtan, Bærum i Akershus, 1960. Hilmar Stigum / Norsk Folkemuseum

Det er derfor viktig at musea også satsar på å ha kunnskap i kultur- og naturkunnskap. Museumshandverkarar og museumsbønder gjer eit viktig arbeid som med fordel kunne synleggjerast betre som ein del av kulturarvsarbeidet. Men også dei kulturhistoriske fagtilsette har eit ansvar for å utvikle sin kunnskap gjennom handling. Dette er det fleire grunnar til. Det kan vere fordi ein ønskjer å oppnå noko anna, til dømes å rekonstruere ei bygning, drakt eller eit landskap så nøyaktig som mogeleg. Eller det kan vere for å lære museumsbesøkande praksisar som i kortare eller lengre tid har vore ein del av folk sine liv. Det kan vere fordi ein gjennom handling kan erfare korleis hesteplogen påverkar matjorda eller fela si utforming påverkar lyden. Men det kan også vere fordi ein meiner det har ein eigenverdi å ta vare på denne typen kunnskap på same måte som vi ønskjer å ta vare på gamle ting, uavhengig av deira bruks- og nytteverdi i dag. Same kva grunnen er - ei fullverdig forståing av kulturhistoria inkluderar også det ein ikkje kan lese seg til.

Medan dei materielle uttrykka kan lagrast på magasin og visast i utstilling, er den immaterielle kulturarven avhengig av kontinuerlig utføring og vidareføring for å eksistere. På forskings- og formidlingsfronten må musea derfor bli flinkare til å arbeide med handlingsboren kunnskap.