Jonsok – merkedag eller feiring?

Merkedagar har i lang tid vore allmenne godtekne høgdepunkt i året. Er dette noko som held på å endre seg når det gjeld jonsok (sankthans)?

  • Jonsokbrud NF.09096-059
    1/1
    Jonsokbrudlaup i Hardanger. Ukjent fotograf / Nf

Hvert år kjem diskusjonen om ein skal flytte feiringa av jonsok/sankthans til nærmaste helg. Eit interessant val av ord, sidan 24. juni er minnedagen til døyparen Johannes. I Norden bar han namnet Hans eller Jon, og «-ok» viser til vaka som var vanleg før store religiøse minnedagar. Difor feirer vi sankthansaften eller jonsokafta kvelden 23. juni og natta inn i 24. Blir dagen flytta, er det jo ikkje han(s) sin dag lenger.  Det kan til og med verte ein annan sin, som St. Alban (22.6.) eller Peter (Persok 29.6.).

Jul og jonsok, som begge har røter i høgtiding av solsnu, er våre to eldste årsfestar, begge på eit tidspunkt kristna. Men medan jula tydeleg feirar den kristne bodskapen, er det – på tross av namnet – dei verdslege skikkane som markerar jonsok.

Elden, eller bålet, er eit element i feiringa som går attende til den eldre solsnufeiringa. Då skulle bålet styrke sola og gje hjelp til livgjevande krefter. Ingen kunne protestere mot samling av ved til bruk i jonsokbålet –Det heitte å ta, ikkje å stele – noko fleire bålgjengar rundt om i landet framleis praktiserar, om enn ikkje bevisst.

Bålet beskytta også mot vonde ånder, ein skikk som på slutten av 1800-talet enkelte stader  materialiserte seg i papirhekser som blei brent på bålet. Men ein kunne også utnytte dei kreftene som nådde sitt høgdepunkt jonsoknatta. Urter og blomster var spesielt verksame til både medisinsk og magisk bruk. No er ikkje dette berre overtru, sidan mange plantar blir fullmodne i tida kring jonsok, men ein kan vel stille spørsmålsteikn ved kor vidt dei førte til at ein kunne få greie på kven ein blei gift med.

  • St. Hansfeiring, 1962
    1/1
    St. Hansfeiring i Oslo, 1962. Sverre Heiberg / Norsk Folkemuseum

Ved bålet var det leik av ein anna sort enn den som vert organisert i dag av lag og foreiningar, noko kunstmålaren Nikolai Astrup levande skildrar frå sin barndom på slutten av 1800-talet:

«St. Hansnatten, når bålene brente rundt i fjellene og menneskene myldret som sorte punkter oppover fjellsidene og de rødkledde jenter med de hvite skjorteermerne ringet seg som lyse prikker og gnister om blussene, da var det synd for kristne folk å være med. Og slik så jeg den stygge, gule ilden, som ikke lyste i sommernatten, men som lokket og drog meg nettopp fordi den var omgitt med mystikk, ugudelighet, og rå hedenskap.» (Udatert brev fra Nikolai Astrup til borgermester Aslaksen etter 1905)

På Vestlandet har det heilt opp til i dag vore skikk med barnebryllaup med born i roller som brud og brudgom, spelemann, kjøkemeister og prest. Men det var fyrst ut på 1800-talet det var born i dette rollespelet, før den tid var det vaksne ungdommar som hadde denne moroa.

I tradisjonen skjer ofte det, at skikkane går over til barnemoro før dei blir borte for godt. Kanskje skjer det også med markeringa av sjølve dagen når mange ønksjer å flytte den. Frå å innrette oss etter merkedagar, vil vi no at merkedagane skal innrette seg etter oss. Men då får vi kalle feiringa noko anna enn Jonsok.