Hopp til hovedinnhold

Bringeklut frå Luster i Sogn

Bringekluten er som eit ekstra smykke i draktskikken, med rom for skaparglede og kreativitet.

  • Brodert bringeklut
    1/1
    Bringekluten frå Luster i Sogn ved Norsk Folkemuseum. Stian Nybru.

Original

Denne bringekluten er brodert med ullgarn, og langs øvrekanten har han eit knallrosa silkestoff med gullknipling over. Originalen ved museet er frå Luster i Sogn, og han er kopiert til den rekonstruerte kvinnebunaden frå indre og midtre Sogn. 

Se flere detaljer om bringekluten på Digitaltmuseum

Kopi

For dei rekonstruerte bunaden freistar ein å komma så nær originalen som råd er. Samstundes er det eit ideal å skapa stor variasjon, slik at ingen bunader er heilt like. Same bringeklutkopi blir sjåande nokså ulik ut, alt etter kva trøye, liv, tørkle og sølv han blir kombinert med. 

  • 1/2
    Kopien av bringekluten saman med trøye og liv til den rekonstruerte kvinnebunaden frå Sogn. Bjørn Sverre Hol Haugen
  • Tre kvinner i bunad
    2/2
    Bunaden er rekonstruert av Bjørg Hovland ( i midten). Anny Strand
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1