Foredrag: Robbie LaFleur om Frida Hansens arv
Vevaren Robbie LaFleur har fordjupa seg i norsk biletvev heilt sidan ho gjekk på husflidsskule på Fagernes i 1970-åra. I foredraget tar ho oss med inn i Frida Hansens tid, til sjølve biletvevnadene, til dei som vart følgarane til Hansen – og dei som motarbeidde henne.
- Les meir om Robbie LaFleur: Robbie LaFleur
Frida Hansen fekk internasjonalt gjennombrot på verdsutstillinga i Paris i 1900. Ho viste sin eigenutvikla transparente biletvev, og arbeida hennar vart karakterisert som ny kunst.
Praktisk informasjon:
- Hvor: Foredragssalen på Norsk Folkemuseum
- Språk: Engelsk.
- Hvem: Foredaget er åpent for alle.
Foredraget er i samarbeid med Museumshåndverkerne som holder til på Norsk Folkemuseum.
Frida Hansen og utviklingen av norsk billedvev
Frida Hansen var sentral i arbeidet med å finne att og få oppatt ein norsk biletvevtradisjon. For nasjonsbyggarane vart ho likevel for internasjonal, og den store suksessen ho fekk på kontinentet vart til motstand i heimlandet.
Like fullt heldt ho fram, både som leiar for Det Norske Billedvæveri og seinare frå eige atelier. Ho kontrollerte heile prosessen frå teikna skisse, via plantefarging av garn til den ferdige vevnaden. Mange kvinner fekk opplæring hos Frida Hansen, og fram til 1920-åra vart transparentvev ei populær uttrykksform.
-
Les meir om Frida Hansen: Portière - Tidsrom
- Utforsk museumsobjekter med tilknytning til Frida Hansen og følgarane hennar: