Fotograf Lasse Thorseths bilder av norsk jordbruk

I forbindelse med Landbrukets jubileumsutstilling på Ekebergsletta i 1959 ble fotograf Lasse Thorseth (f. 1928) engasjert som fotograf. Han reiste rundt i landet i to år før utstillinga i 1959 med mål om å dokumentere det breie norske landbruket. Oppgåva til Thorseth var å vise mangfoldet i norsk jordbruk; eplebønder i fagre nasjonalromantiske landskap i Hardanger, tømmerfløting på hedmarken, ungdom under utdanning på jordbruksskular, eldre bønder med tradisjonelle redskaper, samt det meir moderne teknologiske landbruket.

  • Landskap med fjell, fjord og gårdsbruk 1958-59
    1/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Mann kvesser ljå 1958-59
    2/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Tømmerfløting 1958-59
    3/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Mann med moreller/kirsebær 1958-59
    4/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Gutt med sommerfugl 1958-59
    5/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Gutt under blomstrende frukttrær 1958-59
    6/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Arbeid på åker 1958-59
    7/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Mann med hest i arbeid 1958-59
    8/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Tømmerfløting 1958-59
    9/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Mann med ljå 1958-59
    10/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Kuer på eng 1958-59
    11/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Barn bak grind 1958-59
    12/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Landskap med gårdsbruk 1958-59
    13/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Arbeid i åker 1958-59
    14/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Mann i åker 1958-59
    15/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Gartneri 1958-59
    16/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Portrett Lasse Thorseth 1958-59
    17/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum
  • Dame med melkespann 1958-59
    18/18
    Lasse Thorseth / Norsk Folkemuseum /

Ekebergutstillingen 1959

Ekeberg-utstillinga i Oslo i 1959 blei arrangert i forbindelse med 150-årsjubileet for Det Kgl. Selskap for Norges Vel, og 100-årsjubileet for Norges landbrukshøgskole. Den var svært godt besøkt, med nærmare 900.000 besøkande i løpet av ei sommarutstilling, samt ei på hausten, til saman to månadar. På jubileumsutstillinga hadde Thorseth ansvar for montasjer og utsmykningar og generelt illustrasjonar til bruk under landbruksutstillinga, i tillegg til at han dokumenterte den ferdige utstillinga.

Negativarkivet etter LasseThorseth

Dette negativarkivet etter fotograf Lasse Thorseth består av om lag 3000 bilder og kom til museet i 2015. Museet har og fått avfotografere eit album Thorseth laga etter utstillinga. Negativarkivet består av både farge og svart kvitt. Det er fotografert med både mellomformat film (6x6) og storformat planfilm (4x5 tommer). Samtlige av negative er frå dei to åra Thorseth reiste landet rundt for å dokumentere jordbruk til jubileumsutstillinga.

Rolleiflex og Linhof

Thorseth brukte Rolleiflex til 6x6 format, og Linhof til 4x5 tommer. 4x5 tommers filmen er brukt bevisst med tanke på å lage store forstørrelsar til bruk på landbruksutstillinga. Fordelen med 4x5 negativet kontra 6x6 var at ein hadde eit større negativ, og ein hadde moglegheita til å lage større kopier, utan at det gjekk ut over kvaliteten.

Bilder av jordbruket

Thorseth har fanga mangfoldet i det norske jordbruket. Motiva er varierte og dreier seg mykje om kontrastar mellom dei tradisjonelle redskapa nytta i jordbruket, til meir moderne hjelpemidler på gardane. Ljåen og slåmaskinen, hesten og traktoren. Han har portrettert generasjonane i arbeid. Både unge og gamle måtte delta i alle de daglige oppgåvene på gården. Motiva viser folk i arbeid, samt meir tydelegare oppstilte poseringar, ofte ved sidan av moderne landbruksmaskinar, eller redskaper tilknytta nyvinningar i landbruket.

Flotte perpektiv

Thorseth sine eksponeringar har flotte perspektiv. Det er klare, gjennomtenkte komponerte motiv. Det er tydeleg å sjå at han har plassert seg strategisk for å få fram linjene i landskapa, ofte plassert med personar innover i motiva, for å få fram dybden. Thorseth gjorde et godt grundig dokumentarisk arbeid på ei særs avgrensa periode.

Ved sida av å jobbe med dokumentasjon til landsbruksutstillinga, jobba Thorseth frilans i NRK. Han var med på dei fyrste prøvesendingane til NRK. Han var allerede då ein erfaren filmfotograf, etter å ha praktisert dette gjennom å dokumentere det norske landbruket med både film og stillbilder.

Thorseth reiste

Thorseth reiste verda rundt for å gjere oppdrag for statskanalen. Her jobba han mellom anna med ernæringssituasjonen i Afrika. Han dokumenterte også produksjon DC-9 fly på Douglas fabrikken i California. I 1968 blei han fast ansatt i NRK, og jobba der fram til då han pensjonerte seg i 1997. Han var ansvarleg for produksjonen av over 400 program for NRK.

Negativsamlinga

Negativsamlinga til Thorseth er eit viktig bidrag til stiftelsen Norsk Nolkemuseum når det kjem til dokumentasjon av det norske landbruket for å formidle tradisjonar til det norske folk.

Et lite utvalg av negativarkivet har blitt digitalisert og er tilgjengelig på Digitalt Museum.

Artikkel av Stian Nybru