Gjestfridom og grenser

Kva gjer ein om gjesten ikkje vil gå?

  •  (Foto/Photo)

«Heime kom der ein full mann og ba om nattely for kona var så sint. Mor hadde alltid gjesterommet klart. Folk hadde ikkje bil. Framande til forts eller på sykkel kunne koma kva tid det var og dei fekk kveldsmat, soverom og frokost. Denne fulle mannen fekk ikkje gjesterommet, men divanen i stova med spybøtta klar. Slik er gjestfridom. Alltid ta i mot kven som helst når som helst. Vera eit godt, varmt medmenneskje» (kvinne1942 Time).

Denne utsegna uttrykkjer ein bodskap mange tenkjer på som gjestfridom i si reinaste form. Uatterhalden mildskap mot gjesten, uavhengig av situasjon. Og det er ikkje uvanleg å knytte slike filosofiar, eller verdisyn, opp mot det religiøse. I religion tolkar ein ofte gjestfridom som ei av dei vakraste formene for å uttrykkje kjærleik, og ei av dei store dygdene. Til dømes står det i Hebreerne 13:2: «Glem ikke å være gjestfri, for på den måten har noen, uten selv å vite det, hatt engler som gjester». Og i Innsamlingen (Koranen) 59:9 heiter det «Og de som før var installert trygt i hus og i troen, liker dem som har emigrert til dem, og føler intet begjær i sine bryst efter det disse er blitt gitt, og setter andre fremfor seg selv, selv om de er i trange kår. De som bevares mot sin egen gjerrighet, dem vil det gå godt».

Til tross for denne religiøse innramminga, skal ikkje denne lesinga handle om gjestfridomen som uttrykk for det religiøse. Denne gongen er me i staden ute etter dei folkelege uttrykksformene, sjølv om ein ikkje kan utelukke at delar av dette spring ut frå eller har samband med religion.

Geir Wiggen legg i boka Nøding- en språkhandlingstradisjon i tilbakegang(2013), vekt på ein meir verdsleg haldning til det han kallar ålmenn gjestfridom.[i] Wiggen argumenterar for at ein vert skal legge til rette for gjesten, ja fordi gjesten kan bringe lukke og velsigning, men i minst like stor grad for å forhindre eventuell skade gjesten kan gjere mot verten.

Dette forholdet mellom gjest og vert, vert hovudfokuset i denne lesinga. Korleis røyrer nordmenn seg i dette rommet, der dei på ein side er dregen mot å syne uatterhalden mildskap fordi det er dygdefult, medan dei på den andre sida syner mildskapen med egoistiske motiv?

  •  (Foto/Photo)

«Gjestfrihetens grenser er vanlig Norsk Folkeskikk» (mann 1946 Birkenes).

I 2013 sendte Norsk etnologisk gransking (NEG) ut ei spørjeundersøking med tittel og emne ‘Gjestfridom’. Spørsmåla knytte seg til folk sine oppfattingar, minne, tankar og meiningar i dette vidkjende forholdet mellom gjest og vert. Det kom inn 142 beretningar frå heile landet, frå folk i ulike aldrar og i ulike yrkesgrupper og livssituasjonar. Nokre fortel om eigne opplevingar, medan andre fortel kva bestefar pleidde å seie og gjere. Spørsmål 17 i undersøkinga er særleg interessant i denne samanhengen, og det spørsmålet lét slik:

Gjestfrihetens grenser

Har du fått uønsket besøk? Og hva med gjester som aldri går? Hvordan taklet du det?

Dei som har svart på dette spørsmålet er fødd mellom 1927 og 1989. Dersom ein tek utgangspunkt i at dei eldste har fortald om bestefar, då har ein potensielt minne som kan sporast til midten av 1800-talet fram til 2013. Kjeldene er likevel farga av tida før ålmenn mobilbruk. Kjønnsfordelinga er om lag 2/3 til føremon for kvinnene. Variasjonen informantane imellom og i motiv for ytringane gjer det naudsynt for einkvar lesar å undersøkje kjeldene med kritisk blikk. Ein kan også reflektere over skilnadane mellom å vere beden eller ubeden gjest, ynskja eller uynskja. Desse orda dukkar svært ofte opp, og kan i ulike kombinasjonar vere med på å gje ulike tolkingar av ein situasjon.


  •  (Foto/Photo)

Språkhandlingar

Me styp rett inn i metodar vertar fortel dei brukar når gjesten strekk tida for langt. Den kanskje mest rasjonelle og direkte måten å formidle bodskapen vil vere å gjere som denne mannen fødd 1945 frå Rennesøy: «hvis det er private gjester som ikke går pleier jeg gi beskjed at nå er besøket over på en høflig måte».

Korleis han formidlar bodskapen på ein høfleg måte utdjuper han ikkje, men det er eit stikkord å ta med vidare. Denne eksplisitte uttrykksmåten kan også verke konfliktdempande i forholdet mellom gjest og vert- dersom gjesten tek initiativet: «Jeg har en venn som aldri går, og det kan være litt slitsomt. Han tar ikke hint, men heldigvis har han nå skjønt at han ikke tar hint! ‘Si når jeg skal gå, jeg skjønner det ikke selv’ sier han. Det er fint» (k 1984 Bergen).

Det kan, som mange nok kjenner seg att i, vere problematisk å fortelje at gjesten skal gå. Difor tyr mange til å hinte i retning av at gjesten skal gå. Då er det opp til gjesten å oppfatte hinta som i ulik styrke formidlast av verten. Som dømet over syner, har gjesten kryssa ei sosial grense, utan å oppfatte ho sjølv. Men når går grensa, og korleis uttrykkast hinta?

Ei kvinne fødd 1951 frå Bærum fortel at «Det var så hyggelig du hadde tid til å stikke innom!» er eit slikt hint, som har ei vidare underforstått tyding som ikkje uttrykkjast: «nå syns jeg det ville være veldig hyggelig at du/dere gikk også!».

No er det sengetid

Ein annan svært vanleg uttrykksmåte er å fortelje at verten er trøytt og vil legge seg, noko som medfører ei underforstått tyding av at gjesten bør gå.[ii] Ein variant av denne legg med nokre atterhald, men leier til same resultat: «Det har deimot hendt jeg har sagt at jeg er trett og vil legge meg jeg ber dere ikke gå, men dere kan få sove her om dere vil. Da har de gått og blitt ønsket igjen en annen kveld og [jeg kunne] bedyre at det ikke var meningen å jage dem» (k 1952 Nes i Hallingdal).

Spelet mellom gjest og vert kjenneteiknast ofte slik at verten skal gje av sitt og gjesten motta atterhalden, og i mange tilfelle slik som over, takke nei. Ein annan uttrykksmåte speler nemleg på dette. Ved å implisere at gjesten er for blyg til å avslutte, tvingast verten å handle. Ein kan nok tolke dette som noko humoristisk meint:

Men det var ei historie her ved ein nabo, for nokre år sia: Dei hadde fått besøk av eit nabopar ein kveld. Desse var av sorten som hadde lyst til å prate, og hadde god tid om kveldane. Fram mot midnatt vart husverten trøytt, og så sa han —«Eg trur vi går og legg oss no kjerring, så framunnfolket får gå att!» (m 1927 Tingvoll).

Jeg har ikke noe godt råd for gjester som aldri går. En gubbe her på Finnskogen (han er død for lenge siden) [sa] «Nei, kjerring, nå får vi legge øss, så døm får gått hematt»! (k 1945 Grue).

Kvite lygner

I kontrast til ein slik humoristisk framgangsmåte kan ein stille dei som ser seg nøydd å unnskylda seg for eller å finne påskot til å avslutte vitjinga. Ein kan sjølvsagt tenkje seg at ‘eg er trøytt’ kan verke på ein slik måte. Men det er særleg interessant at mange peiker på kvite lygner som strategi for å avslutte ei vitjing.

Gjester som aldri går, må en takle med en nødløgn, om tidlig opp osv. (m 1941 Kristiansund).

Ja [jeg] har fått uønsket besøk, og folk som aldri går, da lar jeg de sitte en stund før jeg finner på en unnskyldning om noe jeg skal gjøre, sånn at de drar (k 1978 Balsfjord).

Fikk ikke så rent sjelden uønsket besøk da jeg var yngre og fant gjerne på et eller annet påskudd til at det ikke varte så alt for lenge, f.eks. at jeg måtte rekke en annen avtale (k 1954 Oslo).

Til sams har det kanskje også med kvinna frå Nes i Hallingdal, at verten kjenner på eit ansvar ovanfor gjesten, sjølv om det her uttrykkjast underforstått. Eit ansvar som inneber at verten kan be nokon gå, berre dersom dei går med ei kjensle at dei er velkomne att. Dette ansvarsperspektivet kan ein observere i fleire situasjonar, også når tilsynelatande meir står på spel, slik fortalt av ei kvinne frå Grue fødd 1945: «Ja jeg har fått uønsket besøk! Ikke noe fysisk ubehagelig, men en person jeg helst ikke ville se i mitt hus. Heldigvis «reddet» naboen meg, ved å si at vi skulle til et bestemt sted til bestemt tid».

Gjennom beretningane kan ein sjå eit mønster av underforståtte meiningar, som uttrykkjer eit vertskapeleg behov for å formidle at det er ikkje ‘mitt’ dårlege spel av rolla som vert det skal stå på, men i staden forhold som ligg utanfor verten sin person.


  •  (Foto/Photo)

Frå ord til fysisk handling

Det er ein vesensforkjell mellom å seie noko og å gjere noko, så kva gjer ein for å antyde at gjesten skal gå? Også her dreier det meste seg kring leggestunden. Slik som denne kvinna fødd 1984 frå Averøy: «Det har hendt at jeg og andre i huset har gått og lagt oss, når vi ikke har ønsket å sitte oppe lenger. Jeg takler ikke slike situasjoner spesielt godt, for jeg har ikke talent for å sitte og prate på «tomgang».

Å gå å legge seg må seiast å vere ei eksplisitt handling, og gjev lite rom for tolking gjest og vert imellom. Utsegna over gjev likevel inntrykk av at det framleis var vertar att i rommet, difor var det akseptabelt å legge seg. Andre som fortel at dei legg seg, fortel til same tid at gjestene gjerne må forsyne seg i kjøleskåpet, overnatte, eller slukke ljoset og lukke døra i det dei går.[iii] Andre handlingar kan i varierande grad gje meir rom for gjesten å tolke situasjonen:

Kanskje er det mer slitsomt med gjester som aldri vil gå. Det har vi opplevd. Jeg forsøker å la være å gjespe, men min mann (som ellers er svært tålmodig) har vanskelig for å skjule at han er trett. Blir det for ille, lar jeg han få lov til å gjespe. Han sukker ofte: «Priset være den gjest som gjør sine besøk sjeldne og korte» (k 1933 Kristiansand).[iv]

Så høyrde eg ei kone som fortalde om ein gjest som ikkje ville gå. «Til slutt gjekk eg bort i omnskråa og tok til å kle av meg», sa ho. «Og då gjekk gjesten for skams skuld» (k 1943 Tysvær).

Har prøvd å gjespe og sett på klokka og kommet med hint om at jeg skal tidlig opp, og det har stort sett hjulpet. En gang fant jeg fram tannbørsten og begynte å pusse tenner, det hjalp:) (k 1956 Oslo).

Av dei som fortel at dei utfører handlingar, inneber den aller mest utbreidde handlinga klokka på eit eller anna vis. Slik som denne mannen fødd i 1934 frå Kristiansund: «Det har hendt at jeg har hentet vekkerklokken for å vise at det nå er tid for å bryte opp». Eller:

Gjester som ikke går kan være slitsomt. Har ikke noen god strategi bortsett fra å fortelle om min bestefar. Han hadde som vane at han gikk fra kjøkkenet, gjennom stuen og inn på soverommet mens han trakk opp et stort vekkerur. De fleste tok hintet om at selskapet var slutt når han kom med vekkeruret. Historien har vært vellukket noen ganger, men ikke alle tar hintet (k 1945 Bærum).

Det er kanskje ikkje så merkeleg at klokka er av stor interesse for å antyde at gjestene må gå. Klokka si timelege samanheng med leggestunden og fenomenet ‘å rekke noko’ gjev for dei fleste ein klang av at tida har floge, det er på tide å stikke. Dette har også resultert i ein liten skjemt, her med orda til ei kvinne frå Bergen fødd i 1933: «Ein av naboane våre brukte å seie når han ønsket at gjestene skulle gå: nei her i huset er det bare klokker som har vett å gå!».

Det kan også vere verdt å nemne at å reise seg opp, gå mot utgangsdøra, rydde og å blåse ut lys, med meir, også vert fortald om som metodar for å fysisk syne at ein ynskjer å avslutte vitjinga.


  •  (Foto/Photo)

Å unnlate å gjere ei handling

Fram til no har me undersøkt nokre språklege og fysiske handlingar for å synleggjere at gjesten har overskride den høvelege tida for gjestfridom. Nokre fortel også om at det finst ei tredje handling for å syne kvar grensa går.

Uønsket besøk - nesten aldri. Men sånne som aldri går, kan være et problem. Kjenner jeg dem godt, sier jeg at "nå vil jeg legge meg, så nå er det slutt, ut med dere!". Er de mer perifere, må jeg være mer høflig og håpe at de snart skjønner tegningen. Men åpner kanskje ikke enda ei vinflaske, eller drar i gang nye og interessante diskusjoner (k 1949 Trondheim).

Hvis uønskede personer ellers kommer uanmeldt forsøker jeg å gjøre besøket så kort som mulig. Kan si jeg er opptatt / skal bort snart e.l. Eller ved å ikke servere vedkommende noe, det ville for meg være et tydelig tegn (k 1948 Kongsberg).

Misbrukt gjestfrihet? – Ja! Gjester som kommer for å være en uke- og ikke gjør antydning til å dra hjem. Som tar i bruk hele huset, spiser utenom måltidene, sitter for lenge om kvelden og som etterlater seg emballasje på gjesterommet etter godsaker de har kost seg med alene. Min mor, som var veldig gjestfri, ga meg det rådet at jeg måtte ikke stelle så godt med dem! (k 1932 Haugesund).

Dei som unnlet å gjere noko som strategi knyt det altså opp mot servering, at dei ikkje serverer noko eller noko meir. Ein kan på ein måte seie at dei vel å ikkje fylgje normert skikk. Det er kanskje også eit resultat av at gjesten ikkje gjer det heller. Ein kan likevel legge merkje til at desse tre utsegna skildrar tre svært ulike situasjonar, og to motstridande haldningar til sjølve omgrepet gjestfridom. Det sett ein føresetnad at gjesten har forståing for kva som er vanleg skikk i den situasjonen, med dei folka og i det geografiske området møtet skjer, for å innsjå kva som manglar.


  •  (Foto/Photo)

Faste uttrykk og vendingar

Fram til no har me identifisert eit ordtak frå beretningane i NEG 245 som inneber grensesetting i gjestfridomen, fortald frå Kristiansand: Priset være den gjest som gjør sine besøk sjeldne og korte. Samt to potensielle kandidatar. Desse er henhaldsvis nemnt to og ein stad(er) i kjeldematerialet, og let seg på grunn av manglande utbreiing i kjeldene vanskeleg klassifisere som faste uttrykk.

  1. No går me og legg oss, kjering, så får gjestene gå heimatt (Tingvoll og Grue)
  2. Nei her i huset er det bare klokker som har vett å gå (Bergen)

Det er likevel eitt uttrykk som syner seg svært utbreidd, og som i mange situasjonar regulerer tida i forholdet mellom gjest og vert, nemleg tredagarsregelen (til forveksling med både dating- og skulefråversregler). Dette uttrykket kjem i ulike former, men grunntydinga er lik i dei aller fleste tilfelle. Den går ut på at gjester, som ulike typar mat, byrjar å lukte etter tre dagar. Den implisitte tydinga er at det etter tre dagar er på tide å reise, for alle involverte partar sitt ve og vel.

Gjester er kjekt dersom det ikkje vert for lenge og for ofte. Gjester som føler seg som heime og kan finne seg mat ol. sjølv er lettare å ha på besøk enn dei som må oppvartast. Me har eit uttrykk som seier at «gjester og fisk lukter etter 3 dagar». Det er kanskje noko i det. Men jamt over er det hyggeleg å ha besøk. Det er kjekt å prate og ha tid til å vera saman i staden for berre raske tlf. samtalar og sms-ar (k 1968 Vågsøy).

Selv blir jeg sjelden mer enn tre dager, det er en uskreven regel for meg og mange (k 1955 Sande).

Den gamle regelen: «fisk og gjester varer 3 dager — etter den tid stinker de» er ikke så dum å ha i bakhodet. Men så har vi også steder og gjester dette ikke stemmer for. Det er mennesker som vi har det godt i lag med, det blir ikke som det er gjest men familie. Vi bare fortsetter praten der vi slapp sist. Da stemmer det (k 1945 Fauske).

I tillegg til at mange framhever tredagarsregelen, er det andre som påpeiker at lengre besøk bør ha ein varigheit på 2-3 dagar utan å nemne at dette er nokon regel.

Ja, noen ganger er det vanskelig å være gjest. Mens jeg ennå var en pasjonert røyker, ble det vanskeligere og vanskeligere. Nå er det annerledes med den siden av saken. Likevel kan en ikke gjøre som en vil og er vant til. Det gir avveksling og rom for nye opplevelser, men bør ikke vare for lenge. Et besøk bør ikke vare lenger enn et par-tre dager, hverken for den som er gjest eller den som er vertskap, hverken i hjem eller på hytte (k 1936 Oslo).

En uke synes jeg er for lenge. To tre dager er bra. Ja, og så er det jo viktig at kjemien stemmer. Elles kan det jo bli slitsomt (k 1946 Oslo).

I denne samanhengen kan ein også trekke fram det religiøse aspektet. I Apostelgjerningane 28:7 står det skildra kva som fylgde då Paulus var skipbroten på ei øy: «I nærleiken av denne staden låg det ein gard, som høyrde til ein mann som heitte Publius og var den fremste mannen på øya. Han tok imot oss og viste oss venlegheit og gjestfridom i tre dagar». Også i hadithane i islam etter Sahih al-Bukhari: «Ein gjest kan bli underhaldt og synt gjestfridom i ein periode på tre dagar. Utover tre dagar vil vere velgjerd»

Her vil eg også legge til at uttrykket eg brukar aller mest, «takk for besøket», er svært underkommunisert i kjeldematerialet. Men det gjer seg kanskje gjeldande etter at begger partar har lik forståing for gjestfridomen sine grenser. Etter all hintinga, og etter at ein har oppfatta dei ulike gradane av uttrykte ynskje. Då kan ein kanskje svare ‘jo, takk for meg’. 

Siste ordet går til ein mann i Vanylven fødd i 1960, som svara på kva han gjer når gjester aldri går:

«[Eg] hiver dei ut»

  •  (Foto/Photo)

Kjelder og litteratur
Heilage tekster
Mostue, A. og Reimund Kvideland (red.) «Verden var hennes tekst». Forskeren Lily Weiser-Aall(1998) NEG og NFL
Norsk etnologisk gransking, Norsk Folkemuseum, Bygdøy. Spørjeliste 245 (publisert på nett: 022wazTP4gJ9 (dimu.org)
Norsk etnologisk gransking, Norsk Folkemuseum, Bygdøy. Svar til spørjeliste 245 (upublisert)
Skår, A. Den store norske sitatboka (2003) Kagge forlag, Oslo
Wiggen, G. Nøding – en språkhandlingstradisjon i tilbakegang(2013) Novus forlag, Oslo (s. 27-28)

Noter
[i] Wiggen baserer seg på tankane til den finske professoren i (moral-)filosofi og sosiologi, Edward Alexander Westermarck (1862-1939), ved Åbo akademi og universiteta i Helsingfors og London.
[ii] NEG 42842 m.fl.
[iii] NEG 42818, 42840 m.fl.
[iv] Dette ‘sukket’ er eit sitat som, ifylgje Den store norske sitatboka (2003), i sine eksakte ordelag er eit norsk ordtak av arabisk opphav.

Bilder
I              NF.13246-205                    Foto: Jon Lauritz Qvisling/Norsk Folkemuseum
Ii             NF.14150-028                    Foto: Adolph Tidemand/Norsk Folkemuseum
Iii            NF.WF12970                      Foto: Anders Beer Wilse/Norsk Folkemuseum
Iv            NF.27094-001                    Foto: Boligen/Norsk Folkemuseum
V             NFDB.26791-832              Foto: Dagbladet/Norsk Folkemuseum
Vi            NFDB.26107-995              Foto: Dagbladet/Norsk Folkemuseum
Vii           NF.1951-0814                    Foto: Norsk Folkemuseum