Graut- eller Cola-Nisse?

Ein julenisse som kjem med gåver har blitt eit obligatorisk innslag i jula, både på kjøpesenter, juleavslutningar og i heimen. Til og med Norsk Folkemuseum har sin eigen julenisse.

  • Folkemuseets julenisse.
    1/1
    For oss på Folkemuseet – og for alle som besøker oss på Julemarkedet – er det dette som er den EKTE julenissen!

At ein presenterar ein raudkledd «amerikansk» nisse, framfor den gode gamle fjøsnissen, vert med jamne mellomrom kritisert. «Cola-Nisse», kallast han endåtil, og det med rette: I 1931 fekk reklameteiknaren Haddon Sundblom i oppdrag av Coca Cola å teikne ein reklameplakat med ein brusdrikkande julenisse for å få amerikanarar til å drikke produktet deira om vinteren. Resultatet, ein stor skjeggete kar med klede i logofargane til bedrifta, blei svært populær og ein inspirasjon for dei som har teikna julenissen sidan.

Men svensk-amerikanske Sundblom tok ikkje figuren ut av ingenting. Han var inspirert av både den svenske jultomten, St. Nikolas og Thomas Nasts illustrasjonar.

Eit underjordisk og eit overjordisk opphav

Jultomten hadde, som sin norske slektning fjøsnissen, som oppgåve å passe på fjøs og uthus. Dette var ein underjordisk skapning som måtte få gåver for å vere snill, og manglande graut kunne straffast med både vold og forbanningar for menneska på garden. I si tid var han var meir kjent som «gardvorden», «tunkallen» eller «haugebonden». Nisse-namnet har han truleg fått etter St. Nikolas, eller Nils, som helgenen vart kalla her.

St. Nikolas, som har minnedag 6. desember, var ein meir gåvmild type og opphavet til skikken med å gje gåver til kvarandre. I nederlandsk tradisjon har ein feira «Sinter Klaas» som kom med gåver til borna, og det skal vere herfrå skikken spreidde seg til USA, der namnet blei endra til Santa Claus.

Nissen og den amerikanske borgarkrigen

Under den amerikanske borgarkrigen byrja tyskfødde Thomas Nast å lage teikningar av Santa Claus. Den fyrste figuren, som var på coveret til Harper`s Weekly 3.januar 1863 har ikkje Cola-flaske, men han er definitivt amerikansk der han sit i «stars and stripes»-drakta si. Men Nast teikna også Santa Claus med einsfarga drakt, gåvesekk på ryggen og slede.

Også Thomas Nast sin Santa Claus var inspirert av St. Nikolas, ikkje minst gjennom det engelske diktet «A Visit from St.Nicholas» frå 1822, der både utsjånad og oppførsel til figuren skildrast. I tillegg var han inspirert av dei tyske folkeførestellingane om alvar; Også her er ein link til dei underjordiske.

Men kva med kleda?

Raudt er logo-fargen til Coca Cola, men det er også bispekappefargen frå midten av 1800-talet. St. Nikolas er difor ofte avbilda i raudt på denne tida, medan han i tidlegare framstillingar hadde klede i ulike fargar og material.

Vi ser lett for oss fjøsnissen i strikkagenser, vadmelsknikkers og raud topphue. Ingen av desse plagga er opphaveleg «nisseplagg», men klede som er brukt av bønder i ulike tider. Som med St. Nikolas kan ein vel anta at fjøsnissen bar dei same kleda som andre i si samtid.

Skal ein gje gåver er det difor ikkje noko gale i å ikle seg raud kappe.
For av fjøsnissen får du ingenting