Dei fyrste juletrefestane for born kom i 1860-åra. Dei kom som ein idé kopla i hop av den borgarlege skikken med juletre i private heimar, jula som ei tid for festlege samkome, og jula som ei tid for å vise omsut for dei som lite hadde. Med det perspektivet er det ikkje vanskeleg å sjå føre seg ideen om ein juletrefest. Med juletrefestane vart juletreet flytta ut frå den private heimen hos dei få i øvre sosiale lag, til den offentlege skulestova, og presentert for heile bredda av skulepliktige born.
«Juletræ paa Skolen»
Den 21. desember i 1865 skreiv redaktørane for tidsskriftet Den norske folkeskole i bladet sitt: «Fra flere Kanter har vi hørt: ‘Ogsaa iaar skal vi have Juletræ paa Skolen!’». Dei fyrste skulane hadde altså byrja med juletre i skulestova, men samstundes kom det bod frå fleire kantar om at nå skulle fleire ha juletre. Innlegget slutta med ei tydeleg oppmoding: «Som En kan skjønne, vil vi paa det varmeste opmuntre Lærere baade i By og Bygd, hvor det paa nogen Maade kan lade sig gjøre, at faa slige Børnefester istand i Julen». Denne oppmodinga var det mange som tok, og ganske raskt kom det skildringar frå Aker ved hovudstaden, frå Tyldal i Hedmark og frå Vestnes i Romsdal.
Juletreet var nytt
Tidspunktet for juletrefesten kunne variere den fyrste tida. Nokre vart haldne i romjula, men temmeleg mange fann stad etter nyttår. Trettande dag jul, den 6. januar, ser ut til å ha vori ein populær dato. Lengda på festen har også variert. Nokre festar varte i fire-fem timar, men felles for alle er at de byrja om ettermiddagen. Det var eit stort poeng at det skulle vera mørkt før juletreet kunne tennast.
Læraren leia støtt festane som var i skulen sin regi. Særlig der juletrefest vart halden for fyrste gong, vart det gjort eit nummer av å overvelde ungane med synet av det tente juletreet. Slik gjekk det til i Austvatn i Nord-Odal på nyåret i 1886: «Da kun faa af børnene havde seet et juletræ før og ingen af dem et saa stort og smukt, saa man en hel del ansigter i alvorlige folder med stirrende blikke en længere stund uafbrudt vendt mod juletræet i en stemningsfuld stilhed».
Dette er eit tydeleg teiken på at juletreet var ukjent for dei fleste i dette området i 1880-åra. «Kun et Par børn havde før seet et Juletræ», skreiv innsendaren til Hedemarkens Amtstidende. Sjølv om juletreet etter kvart vart velkjent, sto gleda over det store, lysande juletreet ved lag.
Servering
Etter kvart som juletreet vart kjent og juletrefestane meir innarbeidd, ser det ut til at serveringa flytta seg frå byrjinga til litt seinare i programmet. Ved den andre juletrefesten i Degernes i Brandval opna læraren husværet sitt, og både små og store vart «beværtede med smørebrød, mælk og øl». Dette hadde kvar familie hatt med seg litt av til eit felles bord, og det var rikeleg til alle.
Varm mjølk med øl vart kalla ølost, og dette var høgtidskost. Drikke kunne elles variere, med både kaffi og te i tillegg til øl og mjølk. Varm sjokolade entra også temmeleg raskt juletrefesten og er framleis i bruk, mens ølosten nok er forsvunnen.
To forhold er verdt å merke seg ved serveringa i den tida juletrefestskikken vart etablert. Det eine er at sjølve det å servere mat er eit sterkare element enn kva maten skulle vera. Det andre forholdet er at serveringa er knytt til felles innsats. Det å ha med mat til eit felles bord har gamle røter i norsk kultur – eit element som framleis er ein viktig føresetnad for mange juletrefestar i dag.
Juletregang
Gangen rundt juletreet var eit høgdepunkt ved festen, og det å ta kvarandre i hendene og gå omkring treet mens ein song, var godt etablert før juletrefestane kom i stand. Alt i 1850 publiserte Peter Christen Asbjørnsen eit julehefte med tittelen Juletræet, der folkedraktkledde figurar held kvarandre i hendene omkring treet. Same motiv går att i illustrerte vekeblad frå tida, både frå Sverige og Danmark.
Fleire av innsendarane til Norsk Skoletidende tok seg bryet med å fortelja kva dei song. «Her kommer dine arme smaa» var opningssongen ein plass, følgt av «Jeg synger julekvad». «Glade jul» var også kjent, og «Et barn er født i Betlehem», som er ein av dei eldste julesongane, blir også nemnd. Når festprogrammet vart avslutta med «Deilig er jorden», syner det at delar av songrepertoaret har halde seg heilt fram til vår tid. I tillegg har juletregangen fått fleire innslag av ikkje-religiøse julesongar og songleikar.
Taler og underhalding
Festprogrammet veksla mellom juletregang, taler og underhalding. På dei fyrste festane var det læraren som sto for underhaldinga også, men ganske raskt var det skuleborn som underheldt. Attåt eigne krefter kunne både kateket og prost halde tale, slik det blir fortalt frå festningsbyen Kongsvinger i 1887.
Tema for festtalene kunne variere, men det ser ut til at lærarane la vekt på å introdusere juletreet for borna og foreldra deira. Etter kvart vart programmet utvida, til dømes med eventyrforteljing. Så kom det hornmusikk og kor på juletrefestane, underhaldninga vart meir variert, og stadig fleire utanfrå vart inviterte til å bidra. I etterkrigstida vart det vanleg med filmframsyning på juletrefestane, før TV og video var så vanleg i norske heimar at arrangørane måtte finne andre måtar å underholde borna. I dag er juletrefestsesongen viktig inntektskjelde for tryllekunstnarar.
- 1/1
Juletrefest i Grorud Samfunnshus, med tryllekunstner på scenen. Ida Tolgensbakk
Disiplin og gåver
Fleire av skildringane frå 1800-talet legg vekt på at borna mora seg på festen, og gåvene vart delte ut under stor jubel. Når det står at juletreet «plyndres», høyres det ut som det gjekk livleg føre seg. Likevel er det ro og alvor som dominerer dei fleste nedteikningane.
Ved juletrefestar i vår tid og så langt bakover nokon nålevande kan hugse, har utdeling av godteposar vori eit viktig innslag. I dag er det fast formulering i juletrefest-invitasjonar at «kanskje kommer nissen?», og det gjer han då alltid, med ein stor sekk fylt med godteposar som blir likt fordelte mellom borna. Julenissen var ikkje funnen opp enda da juletrefestskikken vart til, og han vart ikkje fast innslag før i etterkrigstida. I dag er julenissen som gåveutdelar obligatorisk, og innhaldet i godteposane relativt standardisert.
- 1/1
Julenisse på fest i Venstres Hus 1959. Foto: Dagbladet / Norsk Folkemuseum. Bildet er hentet fra digitaltmuseum.org - Lisens: CC by-nc-nd
Gåvene var også viktige i byrjinga. Fleire av juletrefestskildringane legg vekt på verdien av at alle i krinsen får vera med, og at gåvene blir likt fordelte. Ein slik fest kosta mange pengar, og dette var ikkje noko verken skulestyre eller lærar kunne dekke. Difor vart det organisert innsamlingsaksjonar. På læraren sitt initiativ vart lister sendt rundt i bygda, der den einskilde kunne teikne seg med sitt bidrag. Berre få plassar var det ein velgjerar som kosta heile gildet.
I tillegg til gåvene som vart kjøpt inn og delt ut, var det på 1800-talet ein fast del av festen å hauste juletreet. Det meste av pynten var til å eta, og da festen nærma seg sin ende vart alt delt ut, før læraren avslutta programmet, gjerne med ein salme.
Juletrefestpionerar
Det var lærarane som var dei tydelege pionerane – det var i skulestova juletrefesten vart introdusert. Der var det plass; det var viktig. Pultar og anna vart rydda unna for å gi plass til juletreet.
Fleire av lærarane som byrja med juletrefestane det står om i aviser og blader skriv om juletrefestane med iver og pågangsmot, og skikken dei etablerte, vart utan tvil ein suksess. Det er soger om proppfulle hus og mange vaksne som måtte stå ute og sjå det heile gjennom vindauga. Etter kvart som juletrefestane vart betre kjent, kom stadig fleire lag og organisasjonar til – både religiøse og verdslege. Det vart konkurranse om juletrefestborna, og det vart også juletrefestar for ungdom og vaksne.
- 1/1
Juletrefest i Grünerløkka Folkets Hus. Foto: Wilhelm Råger. Bildet er hentet fra digitaltmuseum.org - Lisens: CC by-sa
Juletrefesten heldt stand
Juletrefestskikken vart sett i hop av eldre samværsskikkar og kombinert med det nye juletreet. Læraren og lærarinnene fekk impulsane inn gjennom utdanninga si, og dei fyrste orienterte andre om kva og korleis dei skipa til juletrefestar. Juletrefesten vart likevel sin eigen største ambassadør; det vitnar alle gode minne som blir formidla. I mellomkrigstida kom fagrørsla på banen og organiserte juletrefest for medlemmane sine ungar, burettslaga vart viktige juletrefestarrangørar, og ikkje minst har store arbeidsgivarar gjort juletrefesten til eit årvisst sosialt tiltak der arbeidstakarane sine familiar blir inviterte inn i julepynta kantiner.
Ein skulle kanskje tru at juletrefestane var av juleskikkane som var på hell i dag – når jula ser ut til både å starte og slutte tidlegare. Det er likevel ein vital skikk i mange organisasjonar og nabolag. I Framfylkingen i Oslo har det til dømes berre vore Andre Verdskrigen og koronapandemien som har stoppa den årlege juletrefesten!
Kjenslene av god stemning som går tvers gjennom juletrefestskikken si tid, frå etableringsfasen ved midten av 1800-talet til i dag – saman med juletreet. Ølosten er borte, festen er flytta ut frå skulestova, kakene heiter like gjerne brownies som goro, juletrelysa er vortne elektriske, juletrepynten er ikkje lengre til å eta opp – og juletreet kan være av plastikk. Like fullt er det ein stabilitet i denne skikken. Det er stadig matservering på juletrefest, og det blir delt ut godteri til borna. Og det må vera eit juletre for å kalle festen ein juletrefest.
Litteratur
- Bjørn Sverre Hol Haugen 2023. Juletrefesten. Etablering av ein skikk. Tidsskrift for kulturforskning nr 2/2023 Vol 22 Nr. 2 (2023) | Tidsskrift for kulturforskning