Påske – frå kors til kos

I Noreg har ein feira påske til minne om Jesu liding, død og oppstandelse i snart 1000 år. Historisk er dette den viktigaste og mest forpliktande kyrkjehøgtida. Kvifor har vi då ein hang til harar og heidenske gudinner?

  • Skikken med å hente egg frå påskeharen, stammar frå Sveits og Tyskland på 1700-talet. Påskekort frå Norsk Folkemuseum si samling.
    Skikken med å hente egg frå påskeharen, stammar frå Sveits og Tyskland på 1700-talet. Påskekort frå Norsk Folkemuseum si samling.

Dagens påske dominerast, ikkje minst visuelt, av dekorerte egg og harar, gjerne i kombinasjon. Dei siste 20 åra har også jakt på egg påskemorgon vorte populært blant born her til lands. Uavhengig av om egga er av kalk, papp eller sjokolade, veit alle at det er påskeharen som kjem med dei.

Det var den angelsaksiske vårgudinna Eostre, også kjent som germanske Ostara og greske Eos, som i følgje legenda forvandla ein fugl til ein hare, for at den ikkje skulle bli teken av jegeren. Men haren sakna egga, og vårgudinna ga den difor evna til å legge egg ein gang i året, og alle egga fekk ulike fargar. For å dele gleda med menneska, hoppa haren rundt i verda og delte ut dei dekorerte symbola på liv. På byrjinga av 1700-talet starta borgarskapet i Sveits og Tyskland tradisjonen med at born fekk leite i hagen etter haren sine egg påskemorgon.

  • I det gamle bondesamfunnet vart dyra døypte skjærtorsdag.
    I det gamle bondesamfunnet vart dyra døypte skjærtorsdag. Norsk Folkemuseum

I Noreg var det smått med hønsehald før 1900 og egg vart berre ete ved spesielle høve. Her byrja hønene å verpe kring påske, og det var stas med dei fyrste egga. Men i fasteperioden – dei 40 dagane før påskedag – var det forbode å ete egg. Også lenge etter reformasjonen heldt enkelte fastetradisjonar seg, om ikkje anna så frå langfredag til påskedag. Fyrst frå påskedag var egg altså både tilgjengeleg og «lovleg».

  • Tresnitt frå Norsk Folkemuseum si samling som viser Jesu lidingshistorie.
    Tresnitt frå Norsk Folkemuseum si samling som viser Jesu lidingshistorie.

Dei fleste folkelege påskeskikkane har rot i den kristne bodskapen. Både å fylle sand i skoa til blodet rann, hente fôr til dyra på fastande hjarte og ete salt sild slik at tørsten skulle minne om Jesu pine, er ting ein gjorde for å «lide med Jesus» langfredag. Også andre, mindre openberre skikkar er knytt til stiftinga av nattverden, Jesu liding og oppstandelse: Skikken med å døype dyra sine på skjærtorsdag, kjem av norrøne skíra som betyr reinse eller dåp, etter den dagen då Jesus vaska føtene til læresveinane sine. Då det gamalnorske ordet vart gløymt, vart det tolka om til «å skjære», og med dette kom skikken med å kastrere bukkekje og vêrlam. Forbodet mot å bruke øks skjærtorsdag, kom av førestillinga om at Jesu kors var hogge og tillaga denne dagen. Blodpølse og risvelling til middag langfredag skulle minne om korsfesting og pisking. Påskedagen drog ungdommen til fjells for å sjå soloppgangen, for då meinte ein å kunne sjå sola sprette rundt av glede over at Jesus var oppstanden.

  • Påskegudstjeneste.
    Frå påskegudstjeneste i Kristiansand Domkirke, 2008. Fotografiet inngår i forskningsprosjektet «Kirkeårets høytider», gjennomført av Norsk etnologisk gransking ved Norsk Folkemuseum. Anita Nilsen / Norsk Folkemuseum

Medan engelske easter og tyske ostern har fått namn etter vårgudinna, kjem «påske» av páskar som kom inn i norrønt med kristendommen, via latinske pascha og hebraiske pesach. Ordet betyr «å gå forbi», og viser til Moses som førte israelittane ut av fangenskapen i Egypt. 

Både den kristne og jødiske påska fell saman med gammal heidensk tradisjon om å feira vårjamdøgn og eit nytt jordbruksår. Men sjølv om ein grov ned egg i jorda eller ga det som friargåve i forhistorisk tid, betyr det ikkje automatisk at det er same skikken det er snakk om når vi et og målar egg i dag. Kristendommen la sine høgtider på eldre markeringsfestar, men kom med nye skikkar og nytt innhald i dei gamle. Men den kristne påskebodskapen er sterk kost, ikkje minst for dei som ikkje trur. Ein ting er eit born som fødast i Betlehem, men ein mann som heng på eit kors? Då er det lettare å romantisere fruktbarheitsritual som har vore ute av tradisjon i manns minne. For ein hare som legg egg er det vel ingen som trur på?