Hopp til hovedinnhold

Kvar kjem bunaden frå?

Mai er den store bunadmånaden, med nasjonaldagen 17. mai som høgdepunktet. Ingen annan dag er det så mange ulike bunader å sjå. Men kvar kjem alle dei forskjellige bunadene frå?

Alle bunadene har eit felles utgangspunkt i folkedraktene, som tyder lokalt særprega drakter. Nokre bunader har gått direkte over frå ein nyansert folkedraktskikk til at kyrkjekleda blir brukt som bunad i dag. Andre bunader er designa for få år sidan, med folkedraktene som inspirasjon.

  • 1/1
    Utsnitt av Setesdalsbunad. Haakon Harriss

Kjelder og inspirasjon

Mange bunader har utgangspunkt i konkrete, gamle draktplagg. Ein del av desse er ved Norsk Folkemuseum. For romerikingen er den broderte lauslomma ein ikonisk gjenstand, anten ho kjem frå Døli i Ullensaker eller Asak i Sørum. Lomma kom inn til Norsk Folkemuseum i 1946, rett etter at ho var utgangspunktet for broderiet på heile den fyrste Romeriksbunaden. 

For andre bunader kan det ligge mange plagg til grunn. Øvre Valdres har hatt ein rik og variert folkedraktskikk, og da Magny Smedsrud Karlberg rekonstruerte denne i 1972, gjorde ho omfattande registreringar av mange draktplagg. Eit utval plagg vart kopierte og blir brukt som bunad, ofte kalla «Bringeklutbunaden» eller «Rekonstruert kvinnebunad frå Øvre Valdres». Til bunadliv tok ho mønster av eit livstykkje ved Norsk Folkemuseum, komen inn frå Vang i Valdres. Alle andre registrerte livstykkje frå same område og tidsperiode er med som grunnlag for variasjon i bunadbruken, sjølv om det var eitt særskilt plagg som vart kopiert fyrst.

I nokre høve har også same plagg vorti til fleire bunader. Da Anna og Aksel Waldemar Johannesen komponerte Gudbrandsdalens festbunad i 1922, var ein stakk ved Norsk Folkemuseum den viktigaste inspirasjonskjelda. Men fargesamansetting, plassering av broderi og heilskapeleg utforming av den gamle stakken høvde ikkje for den nye bunadbruken, så endringane vart store. I 1960-åra brukte Den norske husflidsforening i Oslo på nytt stakken som utgangspunkt for ein gudbrandsdalsbunad, og dei to bunadene lever side om side i dag.

Heile landet

Norsk Folkemuseum har draktmateriale frå heile landet, og plagg frå omtrent kvar einaste landslut har vori til nytte for bunadarbeidet. Den raude trøya til mannsbunaden frå Vestfold er ved museet, forkleet til Romsdalsbunaden, og heile drakta som er utgangspunkt for mannsbunaden frå Romsdalen – alt gøymer seg i museumsmagasinet.

Bunadene har likevel aldri vori det viktigaste arbeidsfeltet for museet. Dokumentasjon og formidling av historisk draktskikk har i staden stått i fokus, men med omfattande forskingsarbeid som også har kommi bunadene til gode.

Sidan bunadbruken er så omfattande i Norge, har vi eit eige nasjonalt institutt for bunad og folkedrakt, og Norsk Folkemuseum samarbeider tett med instituttet.

Kva bunader draktmaterialet ved museet vil bli kjelde og inspirasjon for i framtida, blir spennande å følge med på

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1