Erotisk og religiøst hår
«Eg tykkjer så vent om ditt gule hår», syng Bendik til Årolilja i ein mellomalderballade. Den unge mannen erotiserte håret til den attraktive kvinna. Så fort ho gifta seg, måtte håret skjulast under skaut eller hette, alt etter korleis reglane for den lokale folkedraktskikken var. Einskilde plassar hørte det med til ekteskapsmarkeringa å klyppe håret av brura.
Det skjulte håret hos dei gifte kvinnene fann sitt fundament i Bibelen, der Paulus gikk lengst i å mane kvinnene til å dekke til håret sitt. Berre ektemannen kunne få sjå håret hennar.
Mote og skikk
Hardanger, Fana, Setesdal og Hallingdal er døme på område i Norge med lokalt særprega draktskikk som var i dagleg bruk langt opp mot vår tid. I Setesdal og Øvre Hallingdal kledde eldre kvinner seg i folkedrakt fram til omkring 1980, og i fleire fjordstrok omkring Bergen gjekk folkedrakta over til dagens bunadbruk heilt utan brot eller opphald. Alle desse bygdene hadde sine særeigne hårprydnader for ugifte kvinner, med fletter, oppbindingar og band.
Mange av desse hovudprydnadene har hatt eins utsjånad langt attende i tid. Det er rett og slett usikkert kor gamle dei er, eller korleis dei kom i bruk som ein stabil del av folkedraktskikken. Like fullt er det likskap med grannelanda, og både Sverige og Danmark har område med liknande håroppsettingar. Meir overraskande er det kanskje å finne likskap med fjernare strok som Ukraina eller Tsjekkia.
Fellesskapet er også stort med kvinner ved italiensk hoff og sentraleuropeisk elite på 1500-talet. Dei var moteleiande, og truleg vandra impulsane til landsbygda og festa seg som lokale skikkar.
Dokumentasjon og bruk i dag
Mens den historiske folkedraktskikken har hatt sine lokale variantar i mange europeiske land, er den omfattande bunadbruken eit særkjenne for Norge. Alle bunadene har ei kopling til eldre draktskikk; nokre er nøyaktige kopiar, mens andre syner fri inspirasjon. Kunnskapen om folkedraktene er dokumentert på mange vis, til dømes gjennom 1800-talet sine måleri, eller plagg som er tekne vare på. I 1930-åra var film ei nyskapande dokumentasjonsform.
Klara Semb var omreisande folkedanslærar, og da ho skulle til Hordaland i 1937 hadde ho med seg filmkamera. På dagtid filma ho folkedrakter for Norsk Folkemuseum og på kveldstid lærte ho bort dans i regi av Noregs Ungdomslag.
Heilt perfekte tenner
I Fana fekk Klara Semb hjelp av lokale kvinner som kjende draktskikken godt. Modellen vart henta frå Bergen. Det var den 16 år gamle frøken Sigrid Lystad som hadde den «rette fine bljuge unggjentesmilen» med «heilt perfekte tenner, utan ei plombe», fortalde Klara Semb til Gula Tidend. «Norsk kultur hev enno rike skattar som det gjeld å berga frå gløymsla», avrunda ho intervjuet med.
Ein slik skatt er dei mange håroppsettingane som var del av folkedraktskikken og som kan brukast til dagens bunader.