Hopp til hovedinnhold

Transkriber med oss

Vil du gjera ein innsats for å verna om kulturarven vår? Og til same tid studere kunnskap og historie frå ditt eige distrikt i gamal tid?

Bli med å transkribere arkivkjelder med Norsk etnologisk gransking!

Gjennom prosjektet Archives Community building skal me transkribere kulturhistorisk viktige handskrivne svar til detaljert utforma spørjelister med minner tilbake til 1800-talet. I dette prosjektet byrjar me med å transkribere to av våre innsamlingar. Klikk på lenkene for å lese spørsmåla som vårt landsdekkande meddelarnttverk svarte på: Gifteferdig ungdom og Høgtidsmat – familiefestar.

Desse vart skrivne på 1950-talet av då gjerne eldre lokalhistorikarar og andre menneskje som sat på enorme mengder kunnskap om ‘det gamle samfunnet’, og mange fekk overlevert minner frå dei aller eldste i bygda si. For korleis var det eigentleg å leva før det moderne forbrukarsamfunnet?

Meld deg på eller send spørsmål til
lars.smaaberg@norskfolkemuseum.no

Foto: Dagbladet / Norsk Folkemuseum

  • 1/1

Om NEG

Sidan 1946 har Norsk etnologisk gransking (NEG) samla forteljingar om kvardags- og høgtidslivet. Vanlege folk frå heile Noreg har gjeve tida si til å bidra med kunnskap og opplevjingar som svar til intervju og spørjelister. Arkivet til NEG inneheld meir enn 47 000 beretningar som gjev rik kunnskap om tradisjonar som elles ville forsvunne. Skriftene i NEG er så verdifulle at UNESCO har anerkjent arkivet som unikt og uerstatteleg.

Fra arkivskap til den digitale verda

Tidlegare var innsamlingsverksemda naturlegvis papirbasert. I dag held me fram å samle inn minner og kunnskap frå privatpersonar via nettstaden minner.no Der kan alle som ynskjer bidra med eigne forteljingar og/eller lese innsendte bidrag. Nettstaden er fyrste steget på vegen mot å opne opp kunnskapsskattane i NEG sine arkiv og gjere dei digitalt tilgjengelege for alle med ein pc.

Steg to i denne utviklinga blir lansering det kulturhistoriske digitalarkivet samla.no i 2024. Der blir det aller meste av arkiva tilgjengelege, og transkripsjonane frå dette prosjektet vil verta fronta ved lansering. Kanskje er det dine initialar som står framst?

Kvifor transkriberer me?

Arkivkjeldene som er scanna, lagrast i biletfiler. I desse kan ein ikkje søkje på teksta, og det finst enno ikkje gode nok måtar å maskinlese gamal handskrift. For arkivkjelder over 60 år gamle har sperretida for personopplysingar utløpt. Det tyder at me kan gjera hovudmengda av desse forteljingane tilgjengele for ålmenta – og føre dei tilbake til lokalsamfunna der dei vart samla inn. Dei fleste arkivkjeldene er handskrivne, men nokre er skrivi på skrivemaskin. Me ynskjer hjelp til å skrive dei av – transkribere dei – slik at dei vert enklare å lese og kan publiserast på nett i søkbar form.

Framtida til arkivkjeldene

For tida arbeider me med å utvikle eit digitalt verktøy som kan brukast til slik transkribering. I fyrste omgang ei eiga transkriberingsløysing, som med tida kan integrerast i eit digitalt arkiv, samt byggje på OCR og HTR-teknologi. I utviklingsarbeidet ynskjer me nettopp å hauste erfaringar og tilbakemeldingar til å ta med oss vidare, i tillegg til dei handfaste resultata.

Ynskjer du å bli med? Eller har du spørsmål?
Send ein epost til lars.smaaberg@norskfolkemuseum.no

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2