Hopp til hovedinnhold

Gåve til draktar og kostyme ved Norsk Folkemuseum

I samband med at Venneforeningen ved Norsk Folkemuseum er avvikla, har styret i Venneforeningen vedteke å overføre restkapitalen på over kr 900 000 til Norsk Folkemuseum. Gåva vil i tråd med deira ønske bli brukt til kostyme og draktar til levandegjering i friluftsmuseet og i utstillingar, for å sikre ei levande og vital historieforimidling på museet.

  • Tre tunverter danser i bunad
    1/1
    Morten Brun

Vi er svært takksame for dette, sidan mange av draktane våre no er svært slitne, og vi no har høve til både å fornye og forsterke denne delen av formidlinga.

Tusen takk til venneforeningen for ei svært raus gåve, og for godt og viktig samarbeid i mange år!

  • 1/1
    For gåva vil Norsk Folkemuseum mellom anna få laga ein heilt ny beltestakk til bruk i formidlinga.
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1