Hopp til hovedinnhold

Ny draktutstilling ved Norsk Folkemuseum

Drakt har vori mellom dei viktigaste utstillingsemna ved Norsk Folkemuseum. Rekka av små og store utstillingar er lang, fram til den som står nå: «Folkedrakt – hverdagstøy og festdrakt». Nå planlegg vi ei ny og større utstilling, og du kan vera med i prosessen.

  • Fra åpningen av utstillingen  "Folkedrakt fra Estland"  på Norsk Folkemuseum.
Dronning Sonja sammen med   ambasadørfruen og presidentfruen  fra Estland.
    1/1
    Dronning Sonja i Raudtrøyebunad frå Aust-Telemark, mellom presidentfrua Ingrid Rüütel til venstre og ambassadørfrua frå Estland ved opninga av utstillinga «Folkedrakter frå Estland» i 2002. Foto: Anne-Lise Reinsfelt, Norsk Folkemuseum. Bildet er hentet fra DigitaltMuseum. Se digitaltmuseum.no/011013468346

Drakt er eit stort tema. Skal ei utstilling vise berre folkedrakter, berre mote, ei blanding – eller noko anna? Norsk Folkemuseum har rike draktsamlingar, og alle utstillingar inneheld mange val. Kva er det finaste vi har? Kva spørsmål er publikum opptekne av i vår tid? Kan historiske draktplagg og skikkar lære oss noko i dag? Dette er nokre av spørsmåla vi stiller oss nå, i oppstartfasen for ei ny utstilling.

Fyrst i ei lang rekke

Året etter at Norsk Folkemuseum opna på Bygdøy opna den første draktutstillinga. Det var i 1903, tittelen var «Nationaldragter», og mannen bak var den 28 år gamle kunsthistorikaren Harry Fett. Utstillinga sto berre nokre veker, og sidan museet hadde så få draktplagg, var det meste innlånt frå andre museum og private. Få år etter vart draktene fleire, og dei vart del av dei faste utstillingane.

  • Kvinner i drakter ved tilstelning på Norsk Folkemuseum . 1903

Bilete er trykt i katalogen for den fyrste særutstillinga ved museet, "Nationaldragter". Til venstre står Ragnhild Prestgard i ei drakt frå Sunnmøre, i midten drakt for ugift kvinne frå Voss, og til høgre ei drakt frå Sunnfjord.
    1/1
    Før draktene vart stilt ut i 1903 vart dei kledd på levande modellar. Her er tre kvinnedrakter frå Vestlandet. Frå venstre Sunnmøre, Voss og Sunnfjord. Foto: Narve Skarpmoen, Norsk Folkemuseum. Bildet er hentet fra DigitaltMuseum. Se digitaltmuseum.no/011013317419

Tida måtte likevel gå heilt til 1961 før museet viste ei ny spesialutstilling om folkedrakt. Da var Aagot Noss tilsett som konservator, og det var hennar eige dokumentasjonsarbeid i Øvre Hallingdal som vart synt fram. Noss arbeidde i meir enn 40 år ved museet, og ho runda av mot mange pensjonistår med den store satsinga «Folk og klede – skikk og bruk» som sto frå 1994 til 2014. Året etter opna dagens folkedraktutstilling, med Kari-Anne Pedersen som draktfagleg ansvarleg.

  • Gunnvor Schønning og Aagot  Noss under åpningen av utstillingen: Rønnaug Pettersens Bunadsdokker.
Bunaden og tradisjonen attom i 1974.
    1/1
    I 1961 var folkedraktene frå Hallingdal synt fram på tredokker, mens kvinnene som laga utstillinga var kledd etter moten. Til venstre Gunvor Schønning, til høgre Aagot Noss. Foto: Norsk Folkemuseum. Bildet er hentet fra DigitaltMuseum. Se digitaltmuseum.no/011013419601

Stad og tid

Alle folkedraktutstillingane ved museet har vori styrt av det grunnleggande prinsippet om at folkedrakt organiserast etter geografi. Motedrakt organiserast etter tid. Ettersom Norsk Folkemuseum har både folkedrakt og motedrakt i samlingane, har også motedraktene vori stilt ut i mange, mange år – i stilhistoriske perioderom saman med møblar og inventar. I dag er dei del av TIDSROM 1600–1914.

Dei seinare åra har draktforskarar utfordra dette skiljet. Det har aldri vori slik at alle på landsbygda har gått i folkedrakt, og alt i byen har ikkje vori så rett etter moten. Dette har også kommi fram i draktutstillingar, som Nordiska Museet si utstilling «Modemakt – 300 år av kläder» (2010–2018). Norsk Folkemuseums nåverande draktutstilling rommar også dette perspektivet, sortert etter omgrepet «folkeleg motedrakt».

  • Utstillingen Folkedrakt, åpnet på Norsk Folkemuseum høsten 2015.
    1/1
    I utstillinga «Folkedrakt – hverdagstøy og festklær» står ei folkedrakt for kvinner frå Setesdal til venstre og eit utval folkelege motedrakter til høgre. Foto: Haakon Harriss, Norsk Folkemuseum. Bildet er hentet fra DigitaltMuseum. Se digitaltmuseum.no/021016129554

Ny utstilling

Ei ny draktutstilling tar med seg det beste frå dei tidlegare utstillingane – men kan også bringe heilt nye perspektiv. Ein idé er å vise korleis drakt er del av eit større folkekunstfelt. Ein annan er å legge meir vekt på handverk og teknikkar. Folkedrakter er både lokale og internasjonalt påverka. Dei er personlege, samstundes som dei representerer ei bygd eller ei gruppe i eit lokalsamfunn. Korleis kan vi få fram begge delar i ei utstilling? Draktplagg er laga i ei bestemt tid, men dei er også likt laga over lange tider. Kan vi si at dei er berarar av mange tider på ein gong?

Kva plass skal samiske drakter ha i ei ny utstilling, og korleis stiller vi oss til eit internasjonalt draktfellesskap? Gamle drakter ser vi på med respekt og glede. Men kva med tvang, normpress og økonomi? Er det rom for anna enn idyll i ei ny draktutstilling?

Vi som har gleda av å arbeide med dei rike draktsamlingane ved Norsk Folkemuseum er fulle av idear, men også av spørsmål. Difor vil vi gjerne ha hjelp frå deg. Send oss dine ønskje for ei ny draktutstilling!

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1