Hopp til hovedinnhold

Tankar frå direktøren

  • Nina Refseth
    Nina Refseth er ny direktør for Stiftelsen Norsk Folkemuseum. Foto: Camilla Moe Rødven, Studio Prud

Da eg takka ja til stillinga som direktør i Stiftelsen Norsk Folkemuseum, kunne eg ikkje sjå for meg ein sommar med stengingar og halvtomme museum. Turistane som hadde kome i store flokkar om sommaren, var borte som vipa om våren. Og sjølv om det har kome fleire nordmenn enn før, ser det ut som dei næraste åra kan bli både annleis og meir krevjande enn vi har vore vande med.

Men ein krevjande situasjon kan også vere eit høve til å setje ein fot i bakken og tenke nytt. Om turistane er borte, kan vi kanskje nytte høvet til å stille spørsmålet på nytt: Kva er eit museum, og kven er det for? 

Med bakgrunn som idéhistorikar er det for meg opplagt at historiene vi fortel om oss sjølve vil endre seg over tid. Museum fortel ikkje historie « slik ho eigentleg var», men slik ho gir meining for oss i vår kontekst. Dei kulturhistoriske musea fortel oss kven vi er, og korleis tidlegare samfunnsutfordringar har blitt skapt ny kunnskap og ny teknologi. Forteljingar om fortida skal derfor også vere relevante i vår eiga samtid.

Spørsmål om klima, om natur, politikk, kultur og mangfald, er mellom dei store og dagsaktuelle tema som grip rett inn i museumsoppdraget. Musea har kunnskap som blir stadig meir ettertrakta, kunnskap om gjenbruk, om demokratiske prosessar, om materiell og immateriell kulturarv. Dette er kunnskap som ikkje er «typisk norsk» i innhald, men snarare skapt i kulturell utveksling og gitt meining i ein norsk kontekst. At mønsteret i Selbu-rosa stammer frå Syria, gjer ho ikkje mindre norsk, ho får berre ein høgare himmel.

Ved å sjå på musea som felles kulturelle møtestader, som engasjerer seg og oss i samtidas store spørsmål, kan vi engasjere nye publikumsgrupper som kanskje ikkje alltid har følt at musea var for dei. Demografien er i endring, og vi må engasjere ulike generasjonar og på tvers av etnisk bakgrunn, legning, språk, klasse eller andre skiljeliner. Det tyder ikkje at vi må endre publikum, men for meg tyder det at vi må endre den måten vi snakkar til publikum. Kva spørsmål er det vi skal og vil vere med å skape svar på, der vi med kunnskap også kan skape engasjement hos andre?

Det stiller nye krav både til kva vi formidlar og korleis vi formidlar det, krav vi kan nytte til å styrke kjerneoppgåvene ytterlegare. Både forskings- og forvaltingsoppgåvene skapar nytt kunnskapsgrunnlag for verksemda, og ved å styrkje desse oppgåvene skapar vi stadig nytt grunnlag for ny formidling. Eit sterkt fagleg grunnlag er den beste basisen for å tenkje nytt om formidling og publikumsdialog.

Fråveret av dei langtreisande turistane er kanskje ikkje berre eit resultat av pandemien, spørsmål om miljø og klima vil også gjere det mindre attraktivt også på lengre sikt. Men det tyder jo også at dei som bur nærare vil bruke meir tid i nærområdet, og vi vil kunne møte enda meir kunnskapssøkjande publikum. Nettopp derfor trur eg at dei næraste åra rett nok vil bli krevjande, men mest av alt spennande og utviklande.

Nina Refseth er direktør for Stiftelsen Norsk Folkemuseum.

Den digitale MUSEUMSBulletinen 2020 
Nr. 92 © Norsk Folkemuseum 2020 ISSN 1592­-3672

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1